Ungdom, idrett og smerteplager

 

«Det som gjer vondt må ikkje alltid adresserast…»

Eg har mange interessante samtalar med pasientar i løpet av ei arbeidsveke. Under ein av desse samtalane (som eg har fått løyve til å gjengi) fekk eg ei tilbakemelding om at dette var ei litt uventa innstilling frå ein som jobbar med smertebehandling. Dette var eit tankevekkjande innspel som gjorde nettopp det, det vekte ein tanke; “kvifor er dette uventa?”.

Eg trur noko av svaret på dette ligg i at me blir opplærte til å adressere feil/manglar og vi har som samfunn ei innstilling om at desse MÅ fiksast. I mange tilfeller vil jo dette være rein logikk og ei konstruktiv handling. I andre tilfeller kan kanskje søken etter oppretting være det stikk motsette – oppretthaldande eller endåtil forverrande. Vi veit no at smerteplager kan kome av mange ulike årsaker, men felles for alle er at smerte på mange måtar kan kallast ei tolkning. Tolkninga er basert på informasjon i frå kroppslege bestanddelar, erfaringer vi har med liknande kjensler, kunnskap om smertefenomenet, emosjonar, stoffsamansetjing i kroppen når smertene oppstår.

I idrettssamanheng kan til dømes akutte smerter være mindre framtredande som følger av adrenalinutskiljing i kroppen, samt at fokuset på arbeidsoppgåvene styrer fokuset vekk i frå smerteinntrykket man kan oppleve. Dette vil ofte kunne tilta etter aktivitet grunna lågare adrenalinutskiljing og i kvile vil man også få større rom til å “zoome” inn på plagene.

Det kan verke i kneet, ein kan ha problemer med utretting av handledd, hælen stikker og skuldra er sår. Plagene er uttalige og det same kan gjelde for årsakane. Eg vonar å ikkje være bastant då bastante meininger sjeldan held vatn i møte med smertevitenskapen, MEN kanskje heller være åpen. Eg forsøker å være åpen i form av å åpne for moglegheita til å berre “sjå an”. Kanskje må vi som behandlarar, men også som utøvarar eller foreldre til utøvarar tore å være meir åpne for at smerte er ein natuleg del av livet og ikkje minst idretten. Dersom man driver med kontaktidrett og får ein verk i ei skulder er det jaggu ikkje godt å seie kva mekanisme som utløyste smertene var, men kanskje skal ein la det ligge ved det, å sjå an om det gir seg naturleg. Grad av smerte og funksjonsnedsetjing er sjølvsagt ein avgjerande faktor. Eg handterer akuttskader kvar veke og der er mange tiltak man kan gjere, men for svært mange tenåringar er ofte dei mindre vondtane ei større utfordring. Dei er der, dei kan henge ved over lenger tid og kan skape ein del hovudbry både for utøvar og foresatte.

Idrett er svært viktig for mange ungdomar, ja for mange er idretten ALT. Når ein ser skuffelsen i augene på ein ungdom når dei innser at dei må stå over ei turnering, forstår ein at dette står dei svært nært. Rolla idretten spelar i livet til ungdomen kan då også være ein viktig faktor i smertetolkninga. Eit døme på dette vil være ein handleddskade på ein fotballspelar kontra ein handballspelar. Den eine kan delta med mindre utfordringer, medan den andre kan ende opp med å måtte stå over viktige kampar. Ein slik skade vil då bli ansett som ein større trussel for den eine utøvaren, og dermed vil også smertetolkninga kunne bli sterkare. Sjølvsagt underforstått at den eine idretten har klart meir belastning på handledd, så der er ein potensielt fysisk provoserande faktor til stade under sjølve utøvinga.

Andre elementer er generelt fokus og orda me brukar. Smertefokus, skadefokus og generell merksemd hjå utøvar, trenar, støtteapparat og foresatte kan være vel så influerande på smertebiletet som dei konkrete behandlingstiltaka. Er vi bevisst vår åtferd omkring ein ungdom med smerteplager? Eg erfarer at ungdom blir utsatt for svært mange hypoteser omkring kva plagene kan skuldast. “Kanskje er det trøttheitsbrot”, “kanskje er det korsbandet som har røke”, “det liknar på prolaps”, “dette er akkurat slik eg hadde det – HEILE oppveksten”, “eg trur det kan være det eg og hadde – eg måtte legge opp”.

Dette er ofte innspel meint for å hjelpe – bidra til å finne feilen og fikse den. Det er gjerne ei undrandre hypotese, men denne hypotesa kan igjen skape ein del negative tankar, bekymringar og frykt hjå utøvaren sjølv. Det kan bidra til eit negativt fokus og dette kan også være med på å auke våre smerter. Om der er gjentatte smerteplager hjå same ungdomen og ein stadig blir møtt med eit stort fokus omkring dette, kan dette igjen bli eit mønster for ungdomen for seinare tid. Eit lært fokus. Eit uhensiktsmessig fokus.

Som sagt tidligare, blir smertetolkninga vår prega av kjensler, erfaringer, kunnskap mm. Så eg spørr igjen, er vi vårt ansvar bevisst når vi “brainstormer” omkring smerteplagene, eller kan det tenkjast at vi i søken på å finne feilen bidreg til at smerteplager eskalerer?

«Så neste gang idrettsungdomen sliter med irriterande hælsmerter, skal vi berre oversjå dette då?»

Nei!

Dette er ikkje ei oppfordring til å neglisjere ungdomens plager. Dette er ei oppfordring til bevisstgjering omkring alt rundt “vondten”. Måtehald i handtering og bevisstheit på det ein seier og kva orda kan representere for ungdomen og ikkje minst kva dette kan resultere i.