THOMAS OSE SILSETH

Om meg og min bakgrunn

Målet med denne sida er å formidle helserelevant informasjon som eg håpar kan være til nytt for deg som lesar. Mitt mål som fysioterapeut er å hjelpe personar med å nå sine mål, anten det er å påvirke eit smerteproblem, prestasjonsbetring i forhold til idrett eller å oppnå betre struktur i forhold til trening og kvile. Min filosofi er at dersom nokon har større forståing av korleis prosessane i sine utfordringar fungerer, vil dei lettare kunne ta gode val for seg sjølv. Difor er formidling av oppdatert helsevitenskap svært viktig og noko eg brenner for.

Litt om meg og fysioterapi
Frå tidligare har eg jobba i kommunehelsetenesta i Osterøy Kommune, og fleire år hjå spesialisthelsetenesta i Bergen, ved Haukeland universitetssjukehus. Der jobba eg på Nordås ReHabiliteringssenter ved sengepost samt Nakke- og Ryggpoliklinikken. Eg jobbar for det meste av arbeidstida mi hjå Fysio1 i Ørsta, men har også klinikkdag ein dag per veke hjå Fysio1 avd. Vartdal. Hovudinteresser er generell smerteforståing, kommunikasjon, idrettskader samt rygg og skulderproblematikk. Dette er hovudtemaer som eg stadig fordjupar meg i. Eg driver ryggskular, treningsgrupper, held foredrag og kurs. Det siste året har eg tatt kognitiv terapi-utdanning og forsøker å utbetre min praksis kontinuerleg i tråd med nyare forsking og erfaringar. Eg set stor pris på spørsmål, at du legger igjen ei melding eller lenkjer innhaldet vidare dersom du finn det verdt å dele.

Ved spørsmål kan du gjerne kontakte meg på e-post:
fysio.thomas.o.silseth.gmail.com