Ein pasient søkjer hjelp for ryggsmertene sine. Han har hatt vondt lenge, truleg sidan barneskulen. Etterkvart blir det nokre nyanser i historikken, det har vore nokre år der han har hatt det bra. No har han vondt. Veldig vondt. Mannen er i 50-åra og er sjukemeldt på andre veka. Han blir utreda nøye, større patologiar blir foreløpig utelukka, vi behandlar på basis av dei funn som er gjort og pasienten blir gradvis betre. Regimet er i stor grad basert på trening/aktivitet kombinert med andre meiningsfylte tidssysler og nokre få behandlingar på benk. Etterkvart som ein blir betre kjent får man meir av historia til mannen. Enkelte ord og setningar festar seg ved meg;

«eg fekk påvist beinlengdeforskjell som 13-åring»

«har bært tunge sekkar i mange ulike settingar opp gjennom oppvekst»

«eg har gått til behandling for rygg så lenge eg kan hugse, primært for ryggsmerter, men problemet har vore skeivt bekken»

«når bekkenet har vorte dytta på plass har smertene gitt seg ei stund. Så lenge eg held det i sjakk kan det gå ei stund til neste gong det går tilbake».

Dette er bileter som pasienten har av sin rygg. Det er hans oppfatning av tilstanden og det er reelt. For pasienten. Når man ser på forsking kan man få vansker med å forsvare at eit anna menneske kan flytte på muskulatur, bekken eller ryggvirvlar hjå pasientane sine. Ei heller at sitjestillingar eller bruk av tung ryggsekk kan modulere oss ut av stilling. Beinlengdeforskjell i vekstalder er normalt då beina ikkje veks simultant, men jamnar seg over tid. Å formidle dette til pasienten på dette tidspunktet vil være å rokke ved ei grunnleggande oppfatning og skape mykje usikkerheit. Det er det som er så vanskeleg. Det at eit bekken eller ein ryggvirvel ikkje kan skli ut av stilling av eit relativt lett/kvardagsleg stimuli burde i utgangspunktet være ei gledessak. I realiteten er det tidvis ein «deal breaker» med pasienten. «Du trur ikkje på meg».. og er det noko forsking av pasientars oppleving hjå behandlarar er krystallklare på, så er det nettopp det; Dei opplever seg ikkje høyrt, og dei opplever at dei ikkje blir trudd.

Kompleksiteten av dette er heilt klart utfordrande. Ei sanning/eit bilete som kan forklare for pasienten kvifor smertene er så sterke skal man med skånshomheit erstatte. Og skal man ta bort noko må det erstattast med noko anna – helst betre (meir konstruktivt og sannferdig). Bileta som blir beskrive i dette tilfellet er bileter som på ein måte kan legitimere smertene. Det er jaggu ikkje rart det er vondt når bekkenet er ute av stilling? Ryggvirvelen er sideforskyvd..? «Man har jo trass alt beinlengdeforskjell og då vil jo det bli skeivbelastninger».

MEN… kvifor då seie i mot..? Kvifor er det eit problem at pasienten ser for seg at virvlane sklir ut av stilling, bekkenet er skeivt og det kjem kanskje av at ein har hatt beinlengdeforskjell i 40 år?

Det er viktig å lytte til pasienten og deira bilete skal man respektere, men dersom biletet står i vegen for framgang burde man kanskje utfordre det. Dersom biletet gir oppleving av at ryggen ikkje toler belastning når det faktisk er tilpassa belastning som må til for å bli betre – må biletet endrast.

Bekkenet er ikkje ein lettmodulert bestanddel som berre fell ned på eine sida. Man kan få smerter i frå bekkenregionen, men skeivheiter er ikkje synonymt med smerter. Svært mange er ikkje 100% i vater, og majoriteten har det svært bra. Når man først får vondt har dog helsevesenet ein lei tendens til å forsøke å trekkje ut den EINE faktoren som skal gjere at alle bitane i puslespelet vi kallar smerte fell på plass. Ser vi ikkje ut som eit bilete i anatomiboka er det dette som er årsaken. Idealet er fråveke og dette skaper problemer. Foklaringsmodellen blir understøtta med MR/rtg som viser ei skeivheit eller beinlengdeforskjell eller liknande. Om smertene oppstod akutt og skeivheita i all sannsyn har vore der i mange år før dette, er ikkje alltid i førarsetet av samtalen. Vi har eit svar i det minste, so då målar vi opp dette biletet og innrammar det som ei sanning for evig og alltid. Det er ikkje sagt at hensikta til helsepersonellet er dette, men dersom me ikkje brukar orda våra med omhu og forsøker å forestille oss kva bilete vi skaper for pasienten, så kan dette bli ei rettesnor for pasientens kroppslege forståing. «Eg er jo skeiv så då må eg berre rekne med at eg får ein del vondt». Som ein subkontekst til dette vil mange ofte sjå på seg som sårbare. Fragile skjelett som ikkje toler så mykje.

Om det biletet pasienten får av å få påvist beinlengdeforskjell gir dette utslaget, meinar eg det er ein urett. Ein pasient som får påvist beinlengdeforskjell med ei «take-home message» om at dette er heilt fullstendig normalt og at det vil jamne seg ut over tid, kontra dette er beinlengdeforskjell og difor har du vondt – kan gi svært ulike utfall. Den eine kan gå i frå konsultasjonen med det dei oppfattar som ei livslang defekt, medan den andre kan tenke at dette er forbigåande. Det kan godt tenkast undersøkjar/behandlars syn er det same, men ordvalet KAN gi svært ulike utfall. Om beinlengda i det heile teke har noko med smerteopprinning å gjere, må diskuterast i kvar enkelt setting. Poenget er at orda me brukar som helsepersonell, foreldre, trenarar eller kameratar kan farge dette biletet – virkeligheitsoppfatninga. Difor burde også orda vektast og ein bør tenkje på korleis dette vil påvirke.

Mange har nok høyrt om placebo, der opplevinga av at noko skal hjelpe gjer at ein føler det hjelper. Der er også ein motpol til dette, Nocebo.

 « Nocebo, a harmless thing, that causes harm, because its believed harmfull» 

-Adam Meakins

Eit døme vil være alle desse skulesekkinnlegga som dukkar opp kvar haust. Mange helsepersonell legg ut det eg vil kalle skremselspropaganda der man i stor grad driver nocebo. «Slik skader du ryggen med feil sekk/feillasta sekk»

Det er ikkje skadeleg å bære tung sekk. Bærer man ein sekk og barnet/skuleleven etc får vondt, så kan man tenke at man har fått ein skade basert på den informasjonen som blir distribuert. Kanskje har man litt vondt, men ta ut ei bok, endre litt stilling – du er ikkje skada det er kroppen og nervesystemet som fungerer som det skal. Her er det litt mykje trykk. Kan du fordele? Det er det som blir formidla frå kroppen og hjerna. Ikkje at slitasjen gneg i skulder og ryggledd – det er det «vi» som burde vite betre som seier…… Det er ikkje noko meir skade av sekkbæring enn at du har hovudskade av når du har hovudpine. Du har ikkje nødvendigvis mageskade dersom mageknipen kjem snikande heller, har du vel? Når du sit for lenge på ein stol og det verkar i halebeinet, er det då på tide å reise seg eller skifte stilling, eller er det strake vegen til halebeinsspesialisten?

Ein liten digresjon, men den måtte eg berre ta. Eg skal ikkje byrje på snøvmåkingspolitiet, men sann mine ord, dei har starta motoren og de kan snart sjå blålyset i eit sosialt medium nær di heimtrakt.

Tilbake til ord og korleis dette kan påvirke våra bilete av kroppen. Eit studie utført i 2009 undersøkte kommunikasjon mellom pasient og deira behandlarar (allmennlegar, fysioterapeutar, kiropraktorar og osteopatar) under ryggkonsultasjonar. Korleis blir fagtermer anvendt av behandlarar oppfatta i andre enden – kva betyr dei for pasienten?

Resultatet var tankevekkjande. Man delte dette inn i tre kolonner. Den eine kolonna synte ordet som var brukt, deretter kva terapeuten (Tp) meinte med å bruke dette ordet og til slutt kva ordet betydde for pasienten (P).

 

 Barker KL (2009)

Som man ser over er det ein klar vesensforskjell på kva avsendar seier og mottakar oppfattar. Det er også difor man aldri må slutte å undersøke korleis biletet til pasienten ser ut. Som behandlar tore å vende tilbake til dette. Som trenar, ven, foreldre ligeså.

Louis Gifford som er ein av mine store førebileter når det kjem til fag og refleksjon sa følgande:

“Physiotherapy is about the restoration of thoughtless, painless, and fearless movement…”

I dette kan man legge mykje. Dette er ein visjon. Det er ikkje sikkert dette er oppnåeleg for alle, men det kan være retningsgivande. Vi har lenge tenkt på det biomekaniske i arbeidet med smerte og helse generelt. Vi veit no at det burde viast mykje meir fokus på korleis vi kommuniserer, for det er heile mennesket som har desse kroniske smerteplagene. Det er ikkje berre denne eine bestanddelen. Synet på seg sjølv både fysisk og psykisk er utslagsgivande for vår helse. Frykt er utslagsgivande for vår helse.

Eit tankeeksperiment for lesaren kan være å tenke seg korleis ein sjølv vil oppleve det dersom ein har ei forestilling om at ein er skeiv og at bekkenet kan skli ned, eller ryggvirvlar sklir ut av stilling ved belastning. Kva gjer det med deg? Kanskje du har denne oppfatninga for du har lært dette, men kanskje ikkje heilt reflektert over kor sårbar kroppen må være dersom dette er tilfelle? Gjer det deg sterkare og gir deg sjølvtillit eller gjer det deg litt meir passiv og kanskje skaper eit negativt syn på deg sjølv?

«Vi kan ikkje vite om «verda» anna enn gjennom vår forståing av den. Eitkvart sanseinntrykk, einkvar tanke, er fabrikkert og filtrert av (hjerna til) den som sansar og tenkjer. «Verda» er «mi forståing»

-Edvin Schei

Vi har alle vår verd men denne kan endrast. Ei oppfordring vil være å stille spørsmål ved absolutter som gir oss eit inntrykk av at kroppen er sårbar, at smerter er eine og åleine eit resultat av skade/defekt og ikkje ein normal del av kroppens varslingssystem. Kva seier vi til pasientar, dei vi er trenar for, dei vi bur ilag med? Gir det ringverknader som kan resultere i noko negativt eller kan det stimulere og være konstruktivt. Dette er som sagt komplekst og innehar mange sanninger. Det vi i allefall kan forsøke å einast om, er at ein viss refleksjon omkring korleis vi kommuniserer om helse (og sjølvsagt mykje anna) ikkje burde være eit innfall, men ein grunnleggande praksis.

 

Litteratur/inspirasjonskilder:

Edvin Schei (2015): Lytt – Legerolle og kommunikasjon. Fagbokforlaget.

Adam Meakins: Særs aktiv på twitter og facebook – hard to miss..

Louis Gifford (2017): Aches and pains (bokserie på 3 bøker).

Barker KL (2009): Divided by a lack of common language? A qualitative study exploring the use of language by health professionals treating back pain. BMC Musculoskelet Disord. Oct 5;10:123.

Lennart Berntsen: Illustrasjon av ord som kan skape noceboeffekt.

Legg igjen ein kommentar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.