Regelmessig dukkar det opp reklamer for haldningskorrigerande klê som vist ovanfor. Enkelte av aktørane går langt i å hevde at deira klê kan fjerne smerter og ikkje nok med det, dei kan også hjelpe på konsentrasjon og energinivå. Dette blir gjort då produsent hevdar at der finst haldningar som disponerer for  smerteplager og skadar. Dette med haldning har vore eit tema i mange år. Til og med som fysioterapistudent fekk eg opplæring i å vurdere haldninga til pasientane mine. Dette skulle kunne gi meg eit innblikk i belastningsutsatte områder. Er det slik at der finst ei IDEALHALDNING?

Der er mange som har fått retta  haldningsfokuset mot seg i løpet av livet. Her er nokre tilbakemeldingar som kan kome frå til dømes besteforeldre, foreldre, lærarar og helsepersonell:

«Rett deg opp»

«Du har så dårleg haldning – stram deg opp litt»

» Du har haldningsavvik»

«Du har ei lutande haldning, dette vil kunne føre til slitasje i nakkeledda og hovudpine»

Nokre er truleg meir orienterte omkring det visuelle med å være rak i haldninga. At ein har ei oppleving av at ein ser meir vaken, positiv og klar ut og at ein ikkje nødvendigvis får smerteplager eller skader av ei «dårleg haldning». Men okke som tenkjer eg at ein må sjå litt på kva forskinga på området seier oss i stadenfor all denne synsinga.

Berre fordi nokon har hatt ei forestilling om haldning i lang tid blir ho ikkje meir sann enn jordkloda er flat.

 

Der er mange grundige studier som taler desse skremselsutsagna midt i mot. Eg kan ikkje ramse opp alle studier som omtaler saka, men har trekt ut nokre dømer som eg ønskjer å dele:

Rygg

Pope og Bevins`- studie (1) som er ei grundig samanlikning mellom 321 pers og som undersøkte samanheng mellom korsrygg-haldning og beinlengdeforskjell opp i mot ryggsmerte viste ingen betydelig samanheng.

Nourbakhsh`s studie (3) som samla informasjon i frå 600 deltakarar, såg på samanheng mellom ryggsmerter og korsryggsvai, forovertilta bekken, beinlengde og lengde på ulike muskelgrupper. Ei heller her vart det funne noko som kunne indikere at der finst optimal-haldning/posisjon/muskellengde.

 

 

Nakke

Dieck et. al (3) utførte eit studie som gjekk over fleire år der det viste at ungdomar med antatt «dårleg haldning» som illustrert til venstre i biletet ovanfor, ikkje var disponerte for smerteplager i rygg/nakke i seinare år. Ein kunne altså ikkje bruke haldningsanalyse som ei spåkule for plager då samanheng mellom haldning og smerte ikkje var å finne. Assymetriske skuldre var også blant dei tinga dei såg på.

Grob og Frauenfelder`s studie av 107 deltakarar (4) undersøkte om der var samanheng mellom den antatt plagerelaterte krumme nakken og nakkesmerter. Studiet konkluderte med at der var ingen tydelig samanheng mellom krum nakke og nakkesmerter.

Richards et al. (5) undersøkte blant anna i studiet om mogleg samanheng mellom nakkehaldning og cluster-hovudpine. Deltakargruppa bestod av 1108 personar på 17 år. Det vart konkludert også her med at ein ikkje kunne setje haldning i nakke som ein givande årsak til cluster-hovudpina.

 

Mange mottek reklame på instagram og facebook frå firma som hevdar at der finst:
  1. Ei rett haldning – «Den rette/riktige» haldninga
  2. Denne haldninga forhindrar smerter i motsetning til andre haldningar
  3. Kroppslige assymetriar er einsbetydande med smerte før eller seinare
  4. Dersom ein ikkje har denne «rette haldninga» kan ein korrigere dette ved bruk av spesialklê
  5. Plagga stimulerer til muskelaktivering
  6. Fjerner smertetilstander

No burde det ringe ei varsellampe hjå deg:
  • Der er inga haldning som er den rette eller sunnaste haldninga. Det er ingenting som støttar dette og vi har alle ulike variantar som er sunne og rette for den enkelt.
  • Endre haldning med klêsplagg… Det er heilt fullstendig useriøst å hevde. Dette går rett og slett ikkje og eg kjenner at eg er svært glad for at det er meir som skal til for å flytte på ryggsøyla mi faktisk…

Prøv no å tenke litt på det…. Det blir hevda at haldninga di (som blir utgjort av musklar, skjelett og ligament) skulle kunne endrast av ei t-skjorte.                                                      

EI T-SKJORTE!?

Ikkje klarer ein å aktivere meir muskulatur med eit klêsplagg, noko aktørane heller ikkje kan framlegge studier på. Dei støttar seg på at nokre av kundane er fornøgde, men dette er ikkje vitenskap og bør heller ikkje bli presentert som det.

  • «Fjerner smertetilstandar»: Dette er den antekne forståingsmodellen som desse selgarane brukar: Der finst ei idealhaldning (A) som ser «picture-perfect» ut: Fin liten svai i korsrygg, lett framoverlent brystkasse og skuldre som er lett tilbaketrekte. Nakken skal være rak. Denne haldninga gjer at ein får «mindre stress for til dømes nakke og rygg» (B) og dette impliserer at noko anna enn idealhaldninga gjer vondt (C).  Heldigvis finst der ein «mirakelkur» haldningskorrigerande tøy (D) som kan redde deg.

SÅ: Har du ikkje A så leiar det raskt til B og C dersom du ikkje kjøpar D.

Det vi veit og det som er viktig å tenke på når det kjem til smerteplager, er at mange former for smerter oppstår ikkje som akuttskade, men dukkar opp over tid. Årsaken til smertene er då ofte samansette av ulike faktorar – fysiske, kjemiske og psykologiske faktorar. Sjå på modellen under som viser korleis fleire ulike faktorar i livet vårt kan være med på å bidra til smerter:

 

Skade/traume/sykdom. Livshendelser/ påkjenninger. Bivirkn. medikam/andre somatiske sykdommer. Psykososiale faktorer. -ute av jobb. -sosial isolasjon. -dårlig økonomi. Livsstilsfaktorer. Inaktivitet. -dårlig ernæring. -kaffe/tobakk/alkohol. Linn-Heidi Lunde, 2008.

 

 

Heldigvis ser det ut til å bli fokusert langt mindre på dette no enn det har vore tidligare. At nokon har ein tendens til å henge mykje på pulten sin i skuletimane kan også skuldast andre ting enn haldning, men det å stadig plukke på ein person for haldninga dei har, er som å be ein hjulbeint om å rette opp beina sine. Vi er alle forskjellige og har alle våre unike fysiske variasjonar. Som Todd Hargrove så flott sa det ein gong:

Når ein studerer skjelettet hjå ulike personar kan ein finne store ulikskaper i knoklar og knokkelformer. Irregulariteter og asymmetri er regelen og ikkje unntaket. Størrelse og form på knoklar vil avgjere kva som er den mest hensiktsmessige og komfortable måten å sitje, stå og gå på, og på denne måten vil ei holdning kunne være dysfunksjonell for ein person og optimal for ein annan».

 

Har du plager – gå deg ein tur, tren på gymmen, jogg, gå på langrenn, kløyv ved – få inn variert BRUK av kroppen din og du vil sjå at mykje av plagene faktisk kan bli betre. Korleis er det med kosthald, eter du regelmessig eller få måltid om dagen. Korleis er det med stress eller søvn….? Mykje av det første, lite av det siste? Ein veit som regel at dette kan være opptakta til helseplager og JA eg skjønar også at det hadde vore enklare og kledd seg sunn, men sjølvdisiplin og små grep i kvardagen er ikkje berre gratis, men har også dokumentert effekt – vi veit det hjelper deg.

Så skal du kjøpe haldningskorrigerande klê?

Skal du pirke på haldninga til borna dine, pasientane dine, elevane dine?

 

 

NEI!

Litteraturliste:

  1. Pope MH., Bevins T. (1985) The relationship between anthropometric, postural, muscular, and mobility characteristics of males ages 18-55. Spine (Phila Pa 1976). 1985 Sep;10(7):644-8. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/4071274
  2. Nourbaksh MR & Arab AM (2002): «Relationship between mechanical factors and incidence of low back pain»
  3. Dieck, et al. (1985) An epidemiologic study of the relationship between postural asymmetry in the teen years and subsequent back and neck pain. Spine (Phila Pa 1976). 1985 Dec;10(10):872-7. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/2938272
  4. Grob, Frauenfelder et al. (2007), The association between cervical spine curvature and neck pain. Eur Spine J. 2007 May; 16(5): 669–678. http://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/PMC2213543/
  5. Richards et. al. (2016) «Neck posture clusters and their association with biopsychosocial factors and neck pain in Australian adolescents».
  6. Hardgrove T. https://www.bettermovement.org/blog/2014/does-bad-posture-cause-back-pain

Legg igjen ein kommentar

Denne nettstaden brukar Akismet for å redusere søppelpost. Lær korleis kommentarane din vert handsama.