Fysioterapi

“Physiotherapy is about the restoration of thoughtless, painless, and fearless movement…”

– Louis Gifford

Kva er fysioterapi?

Fysioterapi er eit fag som er i stadig utvikling og set krav til akademisk kompetanse, kritisk tenking og nyskaping. Fysioterapeutisk undersøking og behandling baserer seg på kommunikasjon og klinisk testing. Pasientens sjukehistorie og mål for konsultasjonen, samt terapeutens undersøking og funksjonsvurdering utgjer fundamentet for val av behandling og tiltak.

Når man er med fysioterapeut kan man forvente at ein kartlegger korleis dagleglivets aktvitetar og funksjonar blir meistra, testing og andre undersøkingar, vurdering av ressursar og begrensinger, livssituasjon, søvn, smertefaktorar og liknande. Ei undersøking vil være tilpassa den enkeltes utfordringer, og i så måte utarte seg noko annleis for ein med akutt skade, kontra langvarige smerteplager med noko meir uklart opphav. I behandlinga anvender fysioterapeuten ulike metoder, teknikkar og øvingar, samt informasjon og veiledning. Pasientens aktive deltaking i behandlinga er helt sentral og ofte nøkkelfaktoren i varig endring. Målet er å fremje endringsprosesser som kan bidra til smertelindring og funksjonsforbetring, evt. oppretthalding av funksjonsevna på kort og lang sikt.

Fysioterapeuten evaluerer kontinuerlig resultata av behandlinga og tilpassar tiltaka ut frå vurdering av pasientens reaksjonar, kroppslege endringar, ønskjer og behov.

Fysioterapeuten har dokumentasjonsplikt og dette gjelder både undersøking, funksjonsvurdering og behandling i journalar og rapportar (helsepersonelloven §39).