Med dette innlegget ønskjer eg å setje fokus på sjukemeldingsperioder og ubenytta potensiale i samband med smerteplager/skader og eller sjukdom.

Sjukmelding er eit dokument som attesterer sjukdom eller skade hjå yrkesaktive medlemmar av folketrygda, sjølvstendig næringsdrivande, frilanserar og enkelte andre grupper overfor NAV og arbeidsgivar. Dette blir gitt til personar med behov for lettelse i forhold til arbeidslivet.

For å konkretisere tema vel eg å presentere problemstillinga som ein case, då dette kan beskrive mange av pasientane me møter i klinikk.

Ein person med langvarige ryggsmerter oppsøkjer meg i håp om å få hjelp. Lat oss kalle henne «Kari». Ho mistenkjer sjølv at repetitive løft på arbeidsplassen kan være årsaken til plagene. «Kari» har hatt gradvis tiltakande smerter over tid, men ein dag «small det i ryggen». Ho beskriver smertene dei første 3 dagane som akutte skarpe smerter som etter dette har gått over i verk og stivheit. Pasienten har vore sjukemeldt i 10 dagar når ho kjem til meg. Ho har primært holdt seg i ro då aktivitet har gitt smerter og ho er redd for å forverre situasjonen. Eg som autorisert klinikar skal i tråd med helselov og min profesjons retningslinjer utrede og eventuelt gi behandling.

Vi byrjer konsultasjonen med ein samtale før vi tek til med kliniske testar. Under samtalen kan «Kari» fortelje om smerter som forverrar seg under enkelte aktivitetar. Langvarig sitjing, løft, ta inn og ut av oppvaskmaskin for å nemne nokre. Testing syner at det truleg er ei form for overbelastning i korsrygg, men klinisk erfaring tilseier at slike tilstander betrar seg relativt raskt.

Me set opp nokre mål for behandlinga og legg ein plan for korleis ho skal nå desse. Hovudmålet: Ho skal tilbake i jobb. Dette er viktig for henne og ho likar jobben sin.

Delmålet: Gjennomføre fysisk aktivitet generelt og særskilt løft utan smerteplager. Ho elskar å gå i fjellet og ønskjer å kunne gjere dette igjen.

Det blir fokusert på eigentrening og gradert opptrapping av generell aktivitet der pasienten gjer aktivitetar som ho meistrar. Undervegs i forløpet har ein også fleire samtalar der ein ser (som i dei fleste tilfeller med langvarige smerteplager) at der OGSÅ er andre faktorar som bidreg til oppretthalding av smerter. Nedsatt søvnkvalitet og stress er blant desse. Det er bekymringar for korleis det går med kollegaene når ein sjølv ikkje er der og «dreg sin del av lasset». Dårleg samvit. Frustrasjon.

Me har etter ei veke sett at plagene byrjer å avta – pasienten har hatt behandling men i hovudsak trent øvelsar for å gjennombevege og normalisere den «ubevisst» avstiva ryggen. Ho har også fått ei forsikring med meg samt fastlege om at det ikkje er noko varig skade, noko som også har hjelpt, uttrykker «Kari». Eg spørr om ho ikkje har lyst å forsøke med ein lett fjelltur/motbakketur – då dette tydelig var noko ho satte pris på før plagene inntraff. Svaret ho då kjem med er eit svar som eg diverre høyrer alt for ofte: «Eg er sjukmeldt, eg kan ikkje ta sjansen på å bli sett i ein slik setting av kollegaer eller endå verre sjefen min. Eg veit kva dei då vil tenke – jada sjukmeldt er ho, men gå på fjelltur det er ikkje noko problem».

Pasientar med rheumatiske lidingar, depresjon, angstplager og anna sjukdom/lyte kan fortelje om liknande opplevingar. Og når me tenkjer oss om, har dei ikkje i grunnen rett? Vi er raske å bedømme, tvile og kanskje endå til misunne. Ein skjult tilstand som gir stort rom for tvil…..

Uansett årsak så er sluttproduktet ofte det same. Folk vegrar seg for å utforske sitt betringspotensiale i sjukmeldingsperioder nettopp fordi dei ER sjukemeldt – «Avskilta – midlertidig i ustand». Det er som at vi som samfunn har bestemt at du som sjukemeldt skal være «liksom akkurat passe dyster og plaga», heilt fram til behandlarane har ordna deg. Så rett tilbake i sving.

Det er for så vidt greit at ein blir sjukemeldt, men ein treng liksom ikkje være så fordømt positiv og aktiv……..

Nett som at ein avlegitimerer plagene sine ved å sjølv gjere ting som gir ein nytteverdi.

For å understreke ironien i denne alt for vanlige problemstillinga…

Pasientar unngår blant anna å:
– gå på kino
– gå på fjelltur
– slå plen
– male
– trene på treningsstudio
– gå på bokklubb

…og kvifor?

«Det er ikkje slik ein skal gjere når ein er sjukemeldt. Du er sjuk. Du er ikkje på jobb, så korleis kan du gjere dette…»

Men sett no at pasienten har samansette plager, slik som Kari. Det er fleire faktorar sett bort i frå diverse løft på arbeidsplassen.

Vi, og då meinar eg VI som i samfunn, medmenneskjer, kollegaer, venar, bekjente har ikkje alltid heile biletet. Det er heller ikkje vår rett å ha. Ei heller er det vår rett å bedømme biletet basert på innramminga.

Det man heller kan gjere, er å setje seg inn i følgande: Forsking på utbreidte smertelidingar, depresjon, angst, kols, rheumatisme og ME viser at aktivitetar som fjellturar, jogging, maling, kino, være med venar er alle aktivitetar som kan hjelpe. Skal ein då avstå frå å gjere desse aktivitetane i ei sjukemeldingsperiode kunn fordi det er tabu, eller er det på tide å fjerne tabuet og vise meir forståing og rausheit. Faktisk er der stor sjanse for at det også kan hjelpe vedkomande tilbake.

Berre ein tanke….

 

Legger også ved nokre lenkjer som kan være informative ift fysisk aktivitet og dets effekter, samt ein video om smerte (som eg aldri får delt nok).

https://helsenorge.no/psy…/psykisk-helse-og-fysisk-aktivitet

Smerter på 5 minutter:
https://www.youtube.com/watch?v=E9tVWoRhPKU

Lorimer Moseley – Why things hurt:
https://www.youtube.com/watch?v=gwd-wLdIHjs